Most recent comments
2021 in Books -- a Miscellany
Are, 2 years, 3 months
Moldejazz 2018
Camilla, 4 years, 8 months
Romjulen 2018
Camilla, 5 years, 3 months
Liveblogg nyttårsaften 2017
Tor, 6 years, 3 months
Liveblogg nyttårsaften 2016
Are, 7 years, 3 months
Bekjempelse av skadedyr II
Camilla, 2 months, 3 weeks
Kort hår
Tor, 3 years, 3 months
Ravelry
Camilla, 2 years, 10 months
Melody Gardot
Camilla, 4 years, 9 months
Den årlige påske-kommentaren
Tor, 5 years
50 book challenge
Camilla, 3 months, 2 weeks
Controls
Register
Archive
+ 2004
+ 2005
+ 2006
+ 2007
+ 2008
+ 2009
+ 2010
+ 2011
+ 2012
+ 2013
+ 2014
+ 2015
+ 2016
+ 2017
+ 2018
+ 2019
+ 2020
+ 2021
+ 2022
+ 2023

Lønsoppgjeret i staten

Som mange sikkert veit vart streiken i offentleg sektor avverga i natt, då partane blei samde om lønsoppgjeret. Det som har fått mest dekning i avisene er jo pensonsordninga, men også lønsauka er ein del av oppgjeret, og som ein ung mann med stort lån er eg naturligvis mest oppteken av denne delen av oppgjeret. Pensjonsavtala er også viktig, men ho blir sikkert endra både ein og to gonger før mi tid i alle høve.

Då avisene meldte at oppgjeret var slutt, såg det ut til at alle hadde saksa frå den same pressemeldinga. Eg saksar frå heimesidene til Unio:

Resultatet av det økonomiske oppgjøret i staten ble på cirka 4,4 prosent. Profilen er i samsvar med kravet. Det gis et tillegg på 2400 kroner fram til og med lønnstrinn 45, og et prosentvis tillegg på 0,68 prosent for lønnstrinnene 46 – 80. Fra lønnstrinn 81 til 95 gis et tillegg på 4800 kroner.


Det som ikkje stod nokon stad, er eksakt kva dette tyder. Eg er nemlig ein tanke forvirra. Først kan ein lese at resulatet blei 4,4%. Kva tyder så det? Ei lønsauke på 4,4%? Vidare les ein at lønstrinna 0 til 45 gis eit tillegg på 2400 kroner, og det er her er byrjer stusse. 2400 kroner er nemlig ikkje 4,4%, men til dømes 0,68% av lønstrinn 45, og naturlegvis noko meir av dei lavare lønstrinna. Så kva har vi eigentleg å forhalde oss til? Det er ikkje det at eg er så voldsomt oppteken av kor mykje meir eg vil tene, men eg likar ikkje upresis informasjon. Særleg ikkje når alle avisene skriv akkurat det same.

Ellers kan eg nemne at eg merker det går litt treigare å skrive på nynorsk enn på bokmål, men no har eg i det minste auka nynorskandelen min her på sida frå omtrent ein promille til omtrent tre. Eg vil dermed seie eg er på god veg mot mitt uttalte mål om ti prosent.

-Tor Nordam

Comments

Anne Berit,  05.06.09 09:11

Ikke så lett å forstå seg på det der, men jeg mener at det er det totale oppgjøret som skal være 4,4% om jeg har forstått rett... Da har det seg slik at f.eks. lærerne forhandler for to år om gangen og vi skal ha et ganske greit tillegg i år (kan sjekkes på f.eks. utdanningsforbundet eller lektorlagets nettsider om ønskelig). Lærerne er ei stor gruppe og trekker nok opp en del i forhold til utregningen.

Christer,  05.06.09 16:29

Er det ikke lurt å markere artikkelen som "Norsk (nn)" dersom du ønsker å vise fram nynorskifiseringen av Calcuttagutta?
Category
News commentary
Tags
Lønsoppgjer
overheng
Views
4578